Hei!
Tek gjerne i mot innspel på fornuftig valg av antall fordelingar ved rehabilitering av eldre bygg.
Rammer:
Det er her snakk om eit stort eldre trehus på 3 etasjar + kjeller, ca. 450 m2 bruksareal, som skal rehabiliterast. Fordeling i kjeller (hovedfordeling + forsyner kjeller og 1. etg), 2. og 3. etasje - desse tre skal skiftast ut med ny(e). Stigekablar kan truleg brukast opp att. Nytt ventilasjonsaggregat i 3. etasje (ny last, var ikkje aggregat i bygget tidlegare).
Rehabilitert bygg skal fungere som skule for opp mot 10 elevar.
Vil det vere fornuftig å forsøke å samle alt i ein fordeling (A), eller kan det vere like greit å berre skifte ut 1-til-1 og fortsatt ha 3 fordelingar(B)?
Fordeler/ulemper slik eg ser det:
Fordelar med A:
Færre vernBilligare?Enklare systemBakdeler med A:
Tavle tek større plassMeir kabelføringFordeler med B:
Mindre kabelføringKan truleg bruke eksisterende stigekablar (må avklares når aggregat er valgt)Enklare plassering av kvar enkelt fordeling (mtp. plass)Bakdeler med B:
Mindre oversiktleg anleggFleire vernDyrare?