Definisjon av Lanbruks- og hagebruksområde, NEK 400:2022 203.203

Korleis praktiserer folk inndeling av "Landbruks- og hagebruksområde", jf. NEK 400 203.203? Det er nokså klart definert kva som skal til for at eit spesifikt område skal definerast som landbruks- og hagebruksområde, men det er slik eg les det ope for tolking kor vidt ulike rom i ein bygning kan definerast ulikt. Eit typisk tilfelle eg har vore borti eit par gonger er eit reiskapshus med dyrerom i eine enden, maskinrom/lagerrom i midten og verkstad i andre enden. Slik eg les 203.203 er det mogleg å definera dyrerommet og normalt òg maskinrommet/lagerrommet som "Landbruks- og hagebruksområde", medan det kan vera naturleg å utelata verkstaddelen frå definisjonen. Dette vil ha betydning dersom hovudfordelinga i installasjonen er plassert i verkstaden, med utgåande kablar til underfordelingar i andre bygningar og eventuelt internt i verkstaden. Dersom verkstaden ikkje er definert som "Landbruks- og hagebruksområde", vil ikkje nødvendigvis utgåande hovudkursar til separate bygningar vera omfatta av krav om jordfeilbrytar <=300mA, jf. NEK 400:2022 705.411.3.3 og 705.428.101.2.

Her må du også se til avsnitt 705.1 i NEK 400:2022. Min forståelse er at delstandard 705 gjelder for alt som er relatert til områder for landbruk og hagebruk, og dette omfatter både verksteder, maskinrom/lagerrom og vognskjul/garasjer.

Takk for tilbakemelding. Avsnitt 705.1 peikar mot definisjonen i 203.203, og slik sett meiner eg det framleis er opent for tolking kor vidt heile anlegget eller berre dei delane av anlegget som er lista opp i 203.203 er omfatta av delstandard 705. Men det er godt mogleg intensjonen er at delstandard 705 skal omfatta alle bygningar og anleggsdelar relaterte til landbruks- og hagebruksområder altså, slik du tolkar dette.

Jeg anbefaler deg å lese vurderingen i Installasjonsguiden om dette emnet. Og om du velger å vurdere dette annerledes enn det jeg har beskrevet, og som også framgår av Installasjonsguiden, så er mitt råd at du først bør avklare med DLE.