Hei,
Me har eindel standard Ex produkt. Desse er typisk for bruk i AC system, primært 1-fas. Når me skal merke tilkoplingsklemmene så skulle me i utgangspunktet ha visst kva for eit nettsystem desse skulle ha vore tilkopla for å kunne merke dei korrekt. For TN så skulle det typisk ha vore 'N', 'L' og 'PE'. For IT så skulle det ha vore 'L1', 'L2' og 'PE' (alternativt 'L3'). Dersom utstyret skal brukast i TN system så skal vel også strengt tatt 'N'-ledaren vere blå.
Finst det nokon normer eller retningslinjer som seier noko om korleis utstyr som er tiltenkt bruk i fleire typar nettsystem kan/skal merkast?
Det kreves ikke "dobbeltmerking" av produsent, men korrekt merking bør fremgå av montasjeanvisning og/eller annen dokumentasjon som medfølger produktet.
Dette er eventuelt beskrevet i utstyrsnorm som dekker aktuelt produkt.
Finnes det ikke en slik beskrivelse er det opp til produsent å ta et valg. Ved salg i Europa er det naturlig å merke for TN. Skal utstyret selges kun i Norge kan det merkes med IT.
Hei Hans Olav,
Takk for svar. Eg skjønar at det ikkje vert krevd dobbelmerking, men kva er "rett" å merke tilkoplingsklemmene med sidan produktet kan brukast i nettsystem som har krav til forskjellig merking (TN / IT)? Greit at ein kan skildre dette i ein brukarmanual, men kva kan/skal me merke tilkoplingsklemmene med?