Vi har ein diskusjon knytt til eit punkt i ein el-kontrollrapport (TG2) der det er påpeikt manglande utjevning av vassrør.
Situasjonen er som følgjer:
Det er eit synleg strekk på om lag 1,5 meter med kobberrør, plassert i ein gang mellom dyrerom. Røret kjem frå rør-i-rør (plast) og går over i kobber før sjølve blandebatteriet. Det er ikkje etablert utjevningsforbindelse til dette røret.
Kontrollrapporten viser til FEL § 19 – jordingsanlegg, med merknad om at utjevningsforbindelse til framand leidande del (vassrør) manglar.
Spørsmålet vårt er:
Er det krav om utjevning av dette kobberrøret når det synlege, leidande strekket er relativt kort (ca. 1,5 m), og det ikkje er andre samtidige berørbare leidande delar i nærleiken?
Vi er spesielt interessert i:
- korleis kravet til hovudutjevning skal tolkast i eit slikt tilfelle
- om vurderinga av samtidig berørbare delar / «vingespenn» har relevans her
- om lengde og plassering av røret kan gi grunnlag for å vurdere at utjevning ikkje er nødvendig
Ønskjer innspel med referanse til FEL / NEK 400 og eventuelt praksis frå tilsyn eller kontroll.