Anta valg av beskyttelsesmetode er "automatisk utkobling av strømtilførselen" og IT-nett.I NEK 411.6.5:2018 står det at for AC-system skal forventa berøringsspenning ikkje overstige 50 V dersom 1. jordfeil ikkje blir kopla ut.I jordingshåndboka s. 17 står det at "for å sikre at strømstyrt jordeilvern skal løses ut ved første jordfeil, må vernets utløsestrøm være lavere enn jordslutningsstrømmen ved første jordfeil."
For å sikre dette bør utløysestraumen for jordfeilvernet vere mindre enn halve trafoytelsen si kVA-merking i mA (fritt gjengitt uten formel, velkjend tommelfingerregelen om maksimal jordfeilstraum).Dette kravet, slik det her framstår, vil jo stort sett vere tilfredsstilt viss ein nyttar 30 mA jfb. Er det då interessant/relevant å vite overgangsmotstand mot jord mtp. beskyttelse mot støt?
Kravet til berøringsspenning vil jo ikkje gjelde sidan ein har har automatisk utkobling av 1. jordfeil. Dersom det er veldig høg overgangsmotstand - la oss sei Rb er 2000 ohm - vil likevel feilstraumen "... hovedsaklig være bestemt av den kapasitive impedansen mellom faselederne og jord". Altså vil storleik på feilstraum- og dermed responsen til jfb vere lite påverka av jordingsmotstanden Rb (slik den er definert).