Kunde (næringsbygg) har montert elbilladar frå Tesla.
Ved isolasjonstesting ved 250V er motstanden kun 0,2Mohm mellom L1-PE, 3,4Mohm mellom L2-PE, 3,4Mohm mellom L3-PE og 0,2Mohm mellol N-PE.
Når me kontakta Tesla om dette seier dei dette er å sjå på som nornale verdiar.
Korleis kan dette vere lovleg når kravet er 1Mohm ved fast installasjon, og sett på som normalt ved måling ved kun 250V? Hadde målingar våre utført med 500/1000V kunne eg skjønt det var overspenningsvern eller liknande innebygd i ladaren, men reknar ikkje med det er det ved kun 250V, då fasespenning ved TN-S er ca 230V.
Erfaringar?
Innvendigar?
Evt tilvising til norm/forskrift?