Hei!
Har ein røykdetektor av typen Xtralis VESDA VLC-EX, som er sertifisert II 3 G Ex ic nA nC IIB T5 Gc.
Ex-sertifikatet har ingen grenseverdiar for straum/spenning/effekt, og heller ingen spesielle krav til installasjon.
I databladet til utstyret står følgande:
"The rating of the VESDA VLC-EX include some intrinsic safety concepts (ic) in that the reset switch
used is not gas tight but is connected to internal circuits that keep the energy at the switch contacts low
enough to avoid any sparking. Thus the ic rating does not require the use of Zener barriers of similar
energy limiting devices for the electrical connections (power and signaling) to the VESDA VLC-EX.
The PSU is usually located in a non-hazardous area and may supply power via a Zener barrier (or
other similar energy limiting device) but this is not required for safe operation of the VESDA VLCEX
in normal operation."
Altså er det ikkje nødvendig å forsyne utstyret via barriere. Men like fullt er utstyret sertifisert Ex ic. Eg meiner at for at denne sertifiseringa skal vere gyldig, må kablane til dette utstyret koblast inn på IS-rekkeklemmer i kontrollskapet slik at vi får den separasjonsdistansen mot non-IS som er spesifisert for Ex ic i IEC 60079-11, Interpretation sheet 3:2016, table 1 clause 6.2.1. Men dette er ikkje alle enige i på jobben - nokre meiner at fordi vi ikkje forsyner utstyret via ei barriere, så er det kun utstyret som er Ex ic mens kretsen som heilhet er NIS, og at det derfor ikkje er nødvendig med separasjonsavstand (og heller ikkje IS-tagging/merking av kablane og eventuelle koblingsboksar som står i loopen).
Kva er fasiten? På forhånd takk!