Gatelys/lysløype, jording og jordfeilbryter

Problemstilling rundt gatelys/lysløype, klasse 2, jordfeilbryter og cu-wire i kabegrøft.

Anlegget er som følger:

Styreskap med kursar til lys og 100 mA jordfeilbrytar for kvar utgåande kurs. Jordelektrode ved styreskapet.

Dobbelisolert kabel i bakken og opp i alle fundament, jordfeilautomat 30 mA i kvar stolpe og opp til lysarmatur som er klasse 2. Alle forgreiningsklemmer og koplingar er dobbelisolerte.

Det ligg ikkje cu-wire/potensialutjamning i kabelgrøft, stolpane er stålmaster, og fundamenta er pulverlakkerte (tilnerma isolert i frå jord, men truleg ikkje 100%). Mastene blir tilkopla beskyttelsesleiar i tilførselen. Avstand mellom mastene er kring 40 meter, og heile strekket er kring 500 meter totalt.

Anlegget er langt utanfor dekningsområdet til jordelektroden med omsyn til potensialutjamning mot terreng, men i dette tilfelle vil vel første jordfeil gi utkopling før berøringsspenning oppnår 50 V så lenge overgangsmotstanden ved styreskapet er < 166 ohm, og derfor er det vel ikkje behov for cu-wire i grøft eller annan potensialutjamning langs installasjonen i terrenget?
M.a. har mange kommunar cu-wire som eit krav i sin "standard", men med klasse 2 og utkopling ved første jordfeil vil vel ikkje dette vere eit krav i NEK?

Om beskyttelseskrav i NEK 400-4-41 er ivaretatt, er løsningen i henhold til krav i FEL § 21.

Men, om oppdragsgiver har absolutte interne krav, så må det jo avklares om disse skal følges uansett.

Det finnes også aktuelle føringer i del 12 i NEK 600:2025.