Krav til kabeltype ved overgang frå solcelleinstallasjon til DC-distribusjon

I NEK 400 712.512.101 er det gitt at kabel på DC-sida i ein PV-installasjon skal utførast for å redusera risiko for kortsluring til eit minimum ved einleiarkablar eller isolerte ledningssystem i røyr.

Norma ser ikkje ut til å ta med tilfelle er ein ynskjer å gå direkte til ein DC-distribusjon saman med mange andre DC-laster, der eventuell vekselrettar og kopling mot AC-nettet kan skje på ein heilt anna kurs.

I mitt tilfellet er utfordringa å gå frå solcelleinstallasjonen og til ein DC distribusjon 100-200 m gjennom ein større bygg, før eventuell tilkopling til vekselrettar eller energilager. Løysinga i NEK 400 er ikkje ynskjelig på grunn av risiko for elektromagnetisk støy, då det spesifikt er beskreve einleiarkablar med ikkje-metallisk kappe. Det er også fleire brannskilje langs traseen, så einleiar i røyr er lite gunstig.

Vil det vera riktig å tolka 712.512.101 slik at det gjeld fram til første vern (f.eks. ei lita DC-fordeling med vern og brytar for utkopling), der ein etter denne kan gå med vanlig skjerma kabel? Eller vil det framleis vera krav om klasse 2 som beskreve i 712.410.3.3?

Avsnitt 712.410.3.3 i NEK 400:2018 begrenser mulige beskyttelsesmetoder, mot elektrisk sjokk, gitt i avsnitt 410.3.3. For alt på DC-siden av PV-systemer må det derfor benyttes dobbel eller forsterket isolasjon (klasse II), alternativt SELV/PELV.

Avsnitt 712.521.101 stiller krav til alle kabler på DC-siden av PV-systemer. Kravet medfører at alle kabler på DC-siden av PV-systemer skal være i jord- og kortslutningssikker utførelse.

FEL § 10 åpner for andre løsninger enn de som fremkommer av NEK 400 kan velges, men beskriver samtidig at det da må dokumenteres at tilsvarende sikkerhetsnivå oppnås.

Forøvrig fremgår det ikke tydelig i underlag fra Prysmian/Draka at deres kabel TECSUN (PV) H1Z2Z2-K tilfredsstiller krav i avsnitt 712.521.101 i NEK 400:2018, men jeg har fått bekreftet dette muntlig.

Det fremkommer dessuten av illustrasjon/bilde i katalogen at dette er en élederkabel med en ikke-metallisk kappe.

Prysmian TECSUN familie er beregnet for bruk i fotovoltaiske strømforsyningssystemer (DC systemer i solcelleanlegg) som frie bevegelige, frittliggende fleksible kabler for et temperaturområde fra -40°C til +120°C og under alle miljøforhold.

https://no.prysmiangroup.com/produkter-og-brancher/industrikabler/solenergi-kabler

Takk for tilbakemelding og forslag til kabel, som ser meir eigna ut enn RKK.

Forøvrig så vil det nok på eit tidspunkt vera nødvendig å definera ei grensa mellom DC for PV og DC for allmenn forsyning.