Hei, har eit lite spørsmål anngåande strømføringsevnen til 3-ledar. (Type PR) Er på ein jobb i eit bolighus der det er lagt mykje 3-ledar PR 3x1.5mm2 med forlegningsmetode C. Det er ønskelig med 15A på kursen og om mulig, bruke kablene som er i dag.
Sidan 2x1.5mm2 går for 15A i bolig når det ligg ope forlagt, korleis blir dette for 3-ledar dersom ein ikkje bruker eine ledaren, når ein tenker strømføringsevne? Vil det fremdeles bli varmare eller vil det i teorien ha samme temperatur som ein 2ledar?
Og korleis blir det eventuelt om 3-ledar kabelen går innom eit lyspunkt og vidare som 2-ledar? Er det mulig å risikovurdere att den eine ledaren trekker lite strøm sidan den går til lys, og sikre kabelen litt høgare enn 13A?
(Begge scenarioene er aktuelt for boligen, og høyrer ikkje saman)